Brummetigers Siste Skanse Testo
- Home
- >
- C
- >
- Cats (Musical-Norwegen)
- >
- Altre Canzoni
- >
- Brummetigers Siste Skanse
Testo Brummetigers Siste Skanse
Han Brummetiger var ein katt
som budde på ein pram.
Han var berykta overalt
der han oghans fór fram.
Han herja vilt frå osen
heilt til elva blir ein bekk
og fryda seg ved klengenemnet
"Kattefaen Frekk!"
Han kledde seg som fanten sjølv,
men ansa ikkje det,
og frakken hans var fillete,
og buksa hadde kne.
Eit øyre var blitt slite av,
og slikt er alltid leitt.
Og den vonde verda såg han på
med auge som var eitt.
Dei folk som bur ved elvebreidda,
hata Brummes namn.
Dei skalv av redsle når dei såg
at Tiger søkte hamn.
Alt av fjøirkre vart stengd inne
av gåsedreng og taus.
Og dei ropa til kvarandre:
"No er Brummetigar laus!"
Å, stakkars alle kosedyr
som ikkje er i bur!
Å, stakkars feite mopsar
som har gjort ein Tiger sur!
Å, stakkars kvar ein måkeflokk
som vågar seg om bord!
Å, stakkars katt som kjem og får
eit Brummetigerklor!
Ein katt av framand rase
var for han den reine pest.
Ein katt med annleis namn og ætt
fekk aldri vera gjest.
For persar og burmesar
var han den visse grav.
Fordi det var ein persar
som reiv Brummes øyre av.
Så kviskra ømt ei sommernatt
sitt eige linne namn.
Den milde månen lyste matt,
og prammen låg i hamn.
Den duva lett i dønningar
som slike prammar plar.
Og Brummetiger fekk no vist
at han var kjenslevar.
Den beste vennen Surripus
var nettopp stukken av
med Sjellikjenta Siam-Ella
for å spela gnav (!)
Og den gode gamle Jubalong
var også gått i land
for å jakte borti parken
på ei lekker lita and.
Utmed forpiggen på prammen
satt Brummetiger, trygg.
Han varbergtatt av fru Grillebein
sin puselege rygg.
Og mens banden av eit mannskap
kryssa djunkebåtar elva
med ein stor burmesisk hær.
Men Brummetiger tenkte berre
Grillebein og svans.
Og fru Grillebein ho sakna
verken samling eller sans.
Dei ante ingen fare
i sin heite romantikk.
Mens det glødde under månen
frå ein hær av blåe blikk.
Og nærmare kom flåten
og la seg tett i ring
så stilt at dei på land og pram,
dei høyrde ingen ting.
Dei farlege var væpna skarpt
med gaffel og med kniv.
Og dei elskande song kanskje
siste songen i sitt liv.
Og så gav Tarsan klarsignal
til sitt austerlandske kor.
Lik ein fælsleg storm av sølv og klør
fór Tarsans hær ombord
frå flåtar og frå båtar
og med blikk som lyste rov,
og dei skalka alle luker
der forsvårarane sov.
Fru Grillebein vart stum og still.
Så fór ho opp og skreik.
Eg veit eg er kje snill når eg
må seia at ho sveik:
Ho smatt i land som ingenting.
Der sat ho no og lo.
Men rundt Brummetiger stod ein ring
av beist som véra blod.
Dei arge dyra stod så tett
som veggen, vom ved vom.
Og Tiger kom for persisk rett
og fekk sin strenge dom.
Og han som hadde drukna
mange kattar utan skam,
vart no driven til å ta sitt liv
med stup fråeigen pram.
Å, for ein jubel som braut ut
i Brummetigers dal !
I Vesleby og Nuten vart det
dans på kvart lokal.
Mus vart steikt på spidd på torget:
Alle tiders gnag!
Og i Burma vart det vedteke
ein Kattens Fridomsdag!
Lyrics powered by LyricFind